Transkriberad uppteckning
Tømmerkøyraren vart varsla om jul og naud heime.
Det var ein gong ein mann som dreiv i åsen og køyrde tømmer so straks føre jul. Men so hadde han kome so reint tå dagatalet. Då han hadde slege tå siste tømmervenda ein kveld, høyrde han brått det ropte:
"Ola! Dagatn ein o netatn to te julan, mann! O de e att berre ein brødleiv på stabbure dine."
Då mannen høyrde dette, kan det vel hende han kvakk. Han sov nok ikkje den kvelden, men for heim. Det synte seg då at det var sant det som han hadde høyrt.