KORPSKRIFTEN

...
Meny

Fanden i kortlaget

Transkriberad uppteckning

Den vonde er med i kortspelet.

Ola Knutsson Bangsjordet tala om dette i 1927: Han beste-
far var handelskar og for ofte til Branes. Ein gong kom han
til å bli med eit kortspellag. Då spelte han bort alt han
hadde med seg, hest, slede og lass. Best det var, kom det
til honom ein bymann, som baud honom at han skulde lære
han spela kort slik at han alltid vann. Men han vilde ha ti
dalar for det. Dette gjekk bestefar med på. Då han hadde
lært det han skulde lære, sette han seg til å spela att. Då
vann han att alt han hadde spelt bort og dei 10 dalarane med.
Det datt tilslutt ned eit kort. Då han skulde ta det oppatt,
sat den vonde sjølv under bordet. Men då sa han stopp til
kortspelet. Han spelte sidan aldri meir kort i heile sitt liv.

Socken Sør-Aurdal
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR