Transkriberad uppteckning
Kari Rud-låtten eller Kjørstad-drepen.
Det var ein gong ei gjente som var meisterdansar. Ho sa
seg god til å utarme alle karar med dans. Dette vilde no sume
prøve henne i då. Når ein hadde dansa med henne til han var
lei, skulde ein annen ta ho att og danse med henne til han og
vart lei. Soleis for ho frå kar til kar.
Då alle karane gav seg, dansa ho åleine på golvet og skulde
som vise at ho hadde vunne over dei, slik som ho hadde sagt.
Men so kom det inn i dansarhuset ein framandkar. Han baud
seg til å danse med gjenta. Men no vilde ikkje spelemannen
spela lenger. Han hadde vel spelt til han var lei, han med.
So måtte framandkaren tralle og syngje låtten sjølv då soleis:
"Hei, Kari Rud!
E ska de snu,
so lengi du står på føto di, du,
mæ blomute trøye,
blomute skjørt,
blomute tørrkle utapå snørt!"
Men so datt gjenta daud på golvet. Med det same smatt
framandkaren ut att. Då dei såg han i døri, hadde han heste-
føta.
Denne låtten vart sidan ein slag gjævlått. Han vart soleis
spelt på Kjørstad oppi Aurdal i den dansen då det fæle dråpet
var der. Det har du nok høyrt gjete. Sidan har denne låtten
også heitt Kjørstad-drepen.