Transkriberad uppteckning
Då den slemme laut vera karjolhjul.
Prosten Stabel hadde vore på Bø i Aurdal og mana den slemme ut. På heimvegen
freista hinmannen å hemne seg. Han reiv tå eine karjolhjulet åt Stabel i
brattaste Juvkamskleiv'n. Men prosten stod ikkje i beit. Han mana den slemme
til sjølv å vera eit karjolhjul, og slik kom han køyrande åt prestegarden. Folk
som såg han, sa at det stod varmesputeren tå eine karjolhjulet den gongen.