Transkriberad uppteckning
Leirpollsegna.
Millom Tørset og Almbergsætrane er der ei tjørn som kallast "Bjønnatjønna". – Austanfor denne tjørna er der ein skogkledd haug som kallast Fagerhaugen. På Fagerhaugen var der i gamle dagar ein gard som kallast Litle-Leirpollen. Endå kan ein sjå tuftene og murane etter husa der. Næraste grannane til Leirpollfolket var Krokvassdølingane. Rett nok trudde folket på Leirpollen at dei hadde nærare grannar i Sopråberget, men desse var ikkje allstødt so gode å få tale med, endå huldrefolket og Leirpollsbuane var vener og vel forlikte. - - So var det ein vinter fyre jul at Leirpollingane var komne av dagtalet, so dei ikkje retteleg visste kor lenge det var til jul. Karane hadde det annsamt med å køyre ved og tømmer, so ei av kjerringane laut binde ski på, for å gå til Vaulen i Krokvassdalen for å høyre etter kva tida leid. Men det var djup snø og klabbe føre, so det gjekk heller seint med kjerringa. Det tok alt til å myrkne då ho kom til Sopråberget, so ho var mest huga til å snu heimatt; men leit var det ikkje å vite når jula var ventande heller. Då høyrde ho ei grov røyst frå Sopråbergkampen som sa:
"D'an e' ein
og netinn e' tvei
so lenge e' de te jole."
Og med dette reiste kjerringa heim att, endå ho trudde det var ikkje so nær lide. På Leirpollen heldt dei jul etter denne rekninga, og dei fekk sidan høyre det var rett som huldrekallen hadde sagt.