Transkriberad uppteckning
Pukjenn og kortspelarane.
I Ned-stuen på Romundstad heldt dei før eit syndigt
hus kvar einaste helg, med dans og drikk, men mest med
kortspel, som dei heldt på med langt ut over nettene. -
Pengane rulla og korta vart med dunder og dask slengde
i bordet, og banningar lyste innimillon.
So var det ein kveld dei heldt på med dette levenet at
kjerringa på garden gjekk ut so snarast. - Då rulla der
som eit gloande hjul utfor Stupberget. Det fræste og gni-
stra lang veg av det. - Kjerringa vart so redd at ho sprang
inn att på timen. - Då var der komen ein framandkar
inn i stugu. Han sat alt og spela ilag med dei andre ka-
rane. - Vann gjorde han i kvar umgang. Og det var ikkje
lenge før han hadde gjort reint bordet for pengar. Dei tok
til å fæle karane og reiste seg frå bordet. - Men då var
framandssellen burte. Då var det einkvan som kika under
bordet. Der låg ein diger svart hund med gloande augo.
- Då skyna alle kven det var. - Pukjenn var det, og in-
gen annan.
- Ingen var god for å få han ut; for dei var ikkje
stive i lestren nokon av dei. - Men ein husmann under
Romundstad, heitte Ola Legje, kunde med sovore. Han
vart henta; for han hadde eit blad or Svarte-boka. Han
hadde tent hjå gamle presten Finkenhagen, og so hadde
han fenge tak i eit blad av boka.
Ola kom. - Han såg kvasst på hunden som låg og vifta
med rumpa. - So sette Ola eit lite hol med ei nål i blyet
i glaskarmen. - Tok so boka, og til å lese. - Jau, då tok
beistet til å murre under bordet, og rett som det var, var
hunden burte; og ein høyrde berre kor det kvein i glas-
karmen med same han fór gjenom.
Men det vart slutt med kortspelet etter den dag.