KORPSKRIFTEN

...
Meny

Huldrefolk på julegjesting

Transkriberad uppteckning

Diskane på Furuhaugen.

I gamletida kunde ikkje folket på Furuhaugen få vere heime julafta; for diskane hadde kome på det at dei plent skulde ha julegjesteboda sine på Furuhaugen. Det var slik uvanleg husrømd der og noko avleies frå bygda, og det lika diskane; og eit styr og eit ståk heldt dei so der aldri var verande for folk. - Dei laut jamnast få husvære på Tiset og- vere der til um juledagsmorgonen. Men når dei so kom heimatt, var vel diskane burte; men der såg no verre ut enn i det fælaste grisehus.
So var det ei julaft der kom ein framandkar til gards, med same Furuhaugfolket heldt på å gjere seg reiduge å fare til Tiset. Han bad um husvære over natta. Ja, dei sa då korleis til stod - at dei var husville sjølve. Men vilde han take vågnaden, so skulde han meir enn gjerne få vere der natta over og lenger med, um han vilde. Han gjekk då inn, og då han hadde matstellt seg, kleiv han upp på røykomnen og la seg.
Han hadde ikkje lenge bia, før diskane kom setjande inn med eit brak og eit styr so heile stova skolv. Ei gamal diskekjerring skrukte på nasa og snuste ikring seg. «Tykkjer det luktar kristenblod her,» sa ho. «Å, det kjem vel av di at folket hev so nyleg flutt ut,» var det ein kall som svara. - So tok diskane til å bere på bordet dei finaste retter på tallerkar og fat av gull og sylv so det berre skein og glimra over dei lange borda. - Karen på ommen sat og såg på heile stasen. Han kom til å tenkje på at det skulde vore gjævt å eige alle dei gilde gull- og sylvkoppane som blenkte på bordet. Han tok då slirekniven og kasta den over bordet so den sat fast i andre veggen. - - Men ut for diskane som dei skulde ha brennt seg - med skrål og skrik. Men alle kjeralda av gull og sylv stod att på bordet, - so framandkaren hadde att for vågnaden sin.

Socken Rindal
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR