KORPSKRIFTEN

...
Meny

Trollkjerringdattera

Transkriberad uppteckning

Mjølka sime.

I Rana budde eit tak ei kone dei kalla Mastermoteppa. Ho
kunne så mange slags trolldom. Ho kunne såleis mjølka sime
(sime er eit tau lagt av geiteragg eller og av hesterumphår).
Dottera hadde òg lært kunsta, enda ho ikkje hadde gått på over-
høyringa endå. Ho var eingong inne på Dolstad i Vefsn, og så
kom presten og dit. Presten hadde høyrt dei skulle kunna mjølka
sime, og så ville han ha den vesle gjenta til å vise honom kunsta.
Smågjenta fekk seg i ein sime og tok til å mjølka. Då ho hadde
mjølka ei stund, så sa ho at ho kunne ikkje mjølka meire. Men
presten bad henne berre driva på. Ho mjølka då endå ei stund,
då sa ho at kua mjølka blod. Presten sa at ho skulle berre halda
fram. Og så heldt ho på til husmannskua ute ved Kulstadsjøen
seig daud ned. Det var den ho hadde mjølka.

Socken Drevja
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR