Transkriberad uppteckning
Fjøset vart flytta.
På ein gard fekk aldri kalvane stå i fred på galane sine. Om
dei vart slepte opp i galane eine kvelden, når morgonen kom var
dei ute att. Kjerringa på garden jamra seg for det og visste seg
ikkje si arme råd. Men mannen han kunne ikkje gjera noko han
heller. Så ein dag kom huldra og ville ha mannen med bort i
heimen hennar. Mannen var frå fyrst ikkje rett huga på det, men
då huldra nøyde på, så tenkte han det fekk våga seg. Og så gjekk
han med. Straks dei kom inn, så byrja det å renna ned på mat-
bordet inne i stua. Ja sjå her korleis eg lyt ha det, sa huldra. Du
har fjøset ditt ståande så, at når kalvane gjer eitkvart, så renn
det ned på matbordet mitt. Det var noko han aldri hadde visst
noko om, orsaka mannen seg. Nei det kunne så vera det, sa hul-
dra. Men ville no han taka å flytta fjøset sitt, så ville alt bli vel
og bra. Det var ikkje så greitt det heller, han var ein fattig stakar
som ingenting åtte, svara mannen. Han stod plent opprådd han.
Ja det var det same, sa huldra, ville berre han ha fjøset flytta,
så skulle dei hjelpa honom. Jau, det ville mannen og var glad
til. Straks han kom heim att, så høyrde han det tok til snikra og
tømra, og det varde ikkje lenge før fjøset stod på den nye plassen.
Hjelpesmennene han hadde fått, var karar som fekk arbeidet frå
handa såg det ut til.