Transkriberad uppteckning
Guten som ikkje turde lera spela.
Det var eingong to spelemenn, som skulde gå til kvernhuset for å lera spela. Det var julenatta dei skulde iveg, for einast den natta kunde ein få lera kunsten til fuldnads. Dei skulde gå til kvar sitt kvernhus, for i den tida var det ikkje so rett langt imillom kvernhusa, det stod kvernhus i kvar ein bekk mest. Dei skulde ha eit kalvskinn og ein kjøtbog med. Ja båe tok sitt kalvskinn og sin kjøtbog med og for avstad. Den eine sette seg til å spela. Han spela og spela, men ingen kom det. Då han hadde drive på ei tid utan at noko hende, so vart han lei av å venta, og so tenkte han å gå dit kameraten var for å høyra kor det gjekk med honom. Då han kom so langt at han kom til kvernhuset der kameraten var og skulde kika inn i kvernhuset han sat, so fekk han sjå det stod ein framan kar og stakk noko burt i fingrane til kameraten hans. Då han fekk sjå det vart han so fælen, at han sprang attende til kvernhuset han hadde vore i, tok fela si han hadde lagt etter seg, og sprang heim. Då han kom heim fekk dei ikkje ord av honom. Strakst etter han var komen inn kom det ein støyt på døra so ho sprat upp. Ingen sa noko endå, men då døra spratt upp to gonger til utan det var nokon som gjekk i døra det dei kunde sjå, so vilde dei vita kvar guten hadde vore. Men denne turde ikkje segja ordet. Då sa far til guten: No har du vel vore ute og gjort eit meisterverk du helst skulde ha late ugjort. Men guten gat ikkje ordet framleis. Ja du får sjølv ha att døra, sa faren. Det gjorde guten. Då vart døra verande atte. Men sidan um kvelden då guten gjekk og la seg, so kom det banking på kammersveggen attmed senga der han låg. Og denne bankinga tok seg upp kveld etter kveld heilt til guten for til Lofoten um vinteren.