Transkriberad uppteckning
Han gav ikkje kjøtbogen til den rette.
Ein gut skulde ei julenatt gå til eit kvernhus for å lera å spela. Han tok ein kjøtbog med. Men då det leid på natta og han kom han som skulde lera honom å spela, so hadde han berre ein avgnaga kjøtskank å gjeva honom. Du gav meg kjøtbog med inkje på, du skal lera å stille men ikkje å slå, sa den framande. Og det gjekk so. Han vart ein framifrå kar til å stemma og stille felorne. Han var elles ingen dott til å spela heller, men ikkje den meisteren, som til å stille. Det skulde vera so mange som kom medan han sat i kvernhuset, og alle kasta han eit kjøtstykke ut til. Og det var orsaka til at han ikkje hadde noko att på bogen då den rette kom for å lera honom å spela.