Transkriberad uppteckning
Det har hendt at dei har høyrt det rope frå sjøen:
"Tida er komen, men ikkje mannen!" - Det var ein gut
i Innvik som kom frå kyrkja. Han var så annsam, og
hadde ikkje tid til å stogge meir enn så han fekk ete
middagen. Så fór han nedover til sjøen og skulle bade.
Han drukna. Då meinte dei at dei hadde høyrt det rope
slik frå sjøen ei tid i førevegen