Transkriberad uppteckning
På Kvame, ved enden av Oldevatnet, var det eit bruk der dei let dei underjordiske få ha eit av husa på garden i jula. Så var det ein julekveld dei hadde laga til øl og mat til desse gjestene som vanleg, då var det ein som fann på at han ville sjå korleis det gjekk føre seg når dei underjordiske tura jul. Han la seg upp på omnen; for der kunne dei ikkje sjå han. Det varde ikkje så lenge før julegjestene hadde samla seg i stova. Men det var ikkje så greitt for guten som låg uppå omnen, rett som det var, kom han til å ramle lite grann. Då sette alle dei underjordiske ut igjennom døra, og ropa: «Støkkute jul på Kvame i år!»