Transkriberad uppteckning
Jul i Halten.
Eingong va det to brør fra Bjugn som va gla i sama veikj. – Dei drog på høstfesje i Halten. Den eine broren va falsk og reist frå den anneren så han vartt igjen og hadd lite å ernær seg med.
Julkvelln såg 'n det kom noken mot Halten. Han blei da redd og gjemt seg på loftet. Det va eit hol i det over boret so han såg ned. So kom ho Guru inn. "Det lufte kriste blod her!" sa ei. Å det e itj rart det vel, for det ha nysst vore folk her", sa ho Guru.
Så dekkt dem opp med alltslag både med sølv og anna, og øl hadd ho brygga og det hadd ho ti ein stor boll som va så stor at han tok ei skjepp. Det va no mang slags farge ti det ølet.
Så tok guten ein pilbøss og skaut i bollen. Da rømt ho Guru og guten gjekk ned. Han såg da at ho Guru hadd glømt nøkklan. Han tok dem da på ei stekk, gjekk ut og kasta dem i kjeila. Da ropt a Guru: "Si du va så snill å itj tok i nøkklan, ska du få alt det som stod på bore og du kan trygt et; men ølet må du slå ut for det kan du itj drekk." – Du veit det va trolldrikk, og det va mang slags farge ti det. – Det gjor guten, og det va nokk mat åt'n te dei kom ut i Halten på vinterfesj i Jannuar.