KORPSKRIFTEN

...
Meny

Huldrefolk på julegjesting

Transkriberad uppteckning

Stokkute jul i Kvam i år!

I Aurland er nokre gardar som heiter Kvam. På ein av dei gardane var det so ille med underjordiske kvar einaste julafta. Folki måtte dekke borde med øl og mat so rendeleg. Dei sette øltankar og ølkjengar fram, smør, brød og ost, og so drog folki ut.
Ein reisande kom til Kvam, og han sa det var då besyndarleg skulde kje ein få rede på dette, det måtte då ein gong bli stopp med den greia. "Sandeleg skal kje du få god betaling um du kan jaga dei", sa husbonden.
No krabba mannen upp i spikahjellen med eit latt gevær. Utpå kvelden kom huldene: "Fy, fy her er kristenmannslukt!" sa dei. So sette dei seg til bords, og han Trond skulde sitja i høgsete, og dei andre umkring han. Då dei hadde ete og drukke ei stund, sa dei: "Dette skjenkjer eg han Trond!" So slo dei i atte, og ein annan sa: "Dette skjenkjer eg han Trond!" Han på spikahjellen sa då: "Dette skjenkjer eg han Trond!" dermed let han skotet gå. Trond seig ned med same kula nådde han. Han fekk det støtt, han. Då blei det ein fæle tot og jammer. Dei let upp døri, og dei måtte fram frå bordet, og dei dragsa Trond med seg ut. Då dei for ut dørene sa dei: "Stokkute jul i Kvam i år! Stokkute jul i Kvam i år!" Sidan blei dar fred og ro.

Socken Aurland
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR