Transkriberad uppteckning
Mann og kona låg uppi lidi og slo. Ved øyktarmål tok man-
nen te stira so langleg uppi eggi. "Eg ve ga ao fy meg sjø'lu,
eg," sa 'an, "sku da horva te koma aitkvart udy're mæ eg æ
burte, so hiv berre hovukluten din i kjaften pao da." Ikkje lenge
etter kom det ein avleggjeleg svær bjørn i tanande renn utor
skogen. Kona gjorde då som mannen hadde sagt fyre. Fyrst
han hadde kjamsa kluten i seg, for han att. Eit bel etter kom
mannen larrande, fann ljåen sin og slo som inkje var. Men då
dei sku eta kveldsmaten, vart kona vis med at det hekk tyfillor
millom tennene hans. Då skyna ho kven som bjørn hadde
vore.