KORPSKRIFTEN

...
Meny

Fanden i kortlaget

Transkriberad uppteckning

I Rudsvika sat det nokre karar og spela kort ein kveld. Og
håssen det så var, så vart karane usamse under spelet. Dei
banna og vart høgrøysta.
Som dei sat slik, datt det eit kortblad ned på golvet. Den
eine karen lutte seg ned etter bladet, men da fekk han sjå
ein liten og svart kar under bordet. Det fyrste kortspelaren
fekk auga på var hesteskoen. Men strast etter vart puken
borte. -
Om lag det same hende på Langfoss, men der sat den vonde
som ein svart hund under bordet. Her datt eit kort ned på
golvet. Ein av dei usamse karane ville ta det opp att, men da
heldt den vonde på å reisa med karen. Til all lukke kom
Vingerstitten (sokneprest Mentz Rynning) innom garden.
"Nå kåmmer Vingerstitten!" skreik den vonde, og strast
etter var han borte.

Socken Eidskog
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR