Transkriberad uppteckning
I gamle dagar var det alltid eit beinhus på kyrkjegardane.
Og i eit slikt beinhus var det ein gong ikkje trygt.
I tussmørkret ein kveld kom to unggutar ranglande om
kyrkjegarden, og dei kom til å tala om daudingar.
"Du tør itte gå tel beinhuse nå?" sa den eine til den andre.
"Itte du heller," svara denne. Og så vart dei ståande og
kjekla om dette ei stund. Til slutt vart dei samde om å gå
dit begge.
Da dei kom inn, fekk dei auge på eit beinrakkel som sto
attmed eine veggen.
"Tru om han vil smaka ostbetan je har i lomma," sa den
eine guten. Tok så ned i lomma og stakk biten i gapet på
daudingen. Men om du vil tru det eller ikkje, beinraklet beit
til, og om litt namngav han seg. Og han ville at guten skulle
gå til ei gjente som han hadde svike og beda om ho ville
tilgjeva han.
Dette lova så guten.
Strast etter ramla beinraklet saman. Og da guten skulle
sjå etter, så var alt borte.