Transkriberad uppteckning
I ein av Uppheimsgardane heldt dei på å bryggja til jul ein gong. Då hadde det kome ei haugakjerring og stole vørter. Det var såleis dei fekk vita det, at ein kar som stod uti gard
en og leste av om kvelden, høyrde det ropte oppi haugen ovafor:
«Hels henne Snille, å spå henne ille:
Båe henne søni ha døtti ni gullkjelen.»
«Au,» skreik haugakvinnfolket, og ho kvakk slik at ho
sleppte ned ringja, som ho heldt under rostebøtta, og la på dør.
Ringja vart sidan hengd i kyrkja på Torpo. Om ho heng der
framleis, veit eg ikkje.