KORPSKRIFTEN

...
Meny

Jul i Halten

Transkriberad uppteckning

Julekvelden i Stor-Brakan.

Stor-Brakan ligg så pålag ein 4 mil ifrå Torgen, og av og til hender det, at ein og annan fer dit ut for å fiske julefisk. Eingong var det ein fiskar, som vart ligjande verfast derute og måtte vera der over jule. Han ha børsa med, og hadde og mat med så han greidde seg, ette det han meinte då han for heimandfrå. Men då det leid fram til jul hadde det minka på med maten, så at det var ikkje langt ifrå, at det vilde bli sveltihel i julen. Han hadde ikkje noko å gjera, og låg difor som oftast å sov utette kvelden, det var støtt slikt ver, at koma på sjøen var det ikkje tale om. Som han låg og sov juleaftan fekk han høyre det vart slikt styr ute. Som han no låg og funderte på kva dette vel kunde vera for noko, så kom det inn eit slikt underlegt fylgje. Non ha berre ein fot, andre ha berre eit auga, nokre var skakke, andre var skeive, og alle ha dei eit eller anna lyte. "Å hu, her loktar det så kristen manns lokt", var det ein som sa med same dei kom inn. Strakst sette dei alle nasane i ver og tok til å lukte. Men dei kom tilsidst til det resultat, at det var berre eitkvart som var att sidan sidst det hadde vore fiskarar herute. Dei dekte så på bordet, for dei var vel vant til å halda jul herute. Men då dei vel var komen igang med etingen, så tok fiskaren børsa si og skaut. Då vart styr. "Herifrå, te Horten, te Horten!" ropa dei i munnen på kvarandre. Trolltye hadde teke ei gjenta, og ho vart att då dei andre for. Det vart og att alt det som var på bordet, sølvtyet med det andre. Nøkkelvola hadde dei gløymt att ette seg. Den kom dei att ette. Mannen tok nøklane på ei stikka og kasta dem ut til dei. Sølvtyet fekk han hava. Han gifta seg sidan med gjenta, og dei flytta ut til Sklinna. Dei vart dei første faste buande der.

Socken Nord-Sømna
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR