KORPSKRIFTEN

...
Meny

Flytte Fjøset

Transkriberad uppteckning

Paa Byremo i Grindheim hadde Jo i Monen bygt floren
sin like over der underjordsmannen hadde stova si. Han kom
daa til Jo og sa han laut flytta, for naar kyrne lanna saa
rann det like i kaffikoppen hans, og han bad Jo at han laut
med inn og sjaa. Han saa gjorde. Underjordsmannen stelde
til kaffi for Jo, og daa dei hadde sete eit bil, kom det ren-
nande noko lann like i kaffikoppen til Jo. Men daa totte
han at han laut flytta, og det gjorde han. Daa fekk han
lukka av krettoret, det hadde han ikkje havt før.

Socken Lindesnes
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR