KORPSKRIFTEN

...
Meny

Død uten tilgivelse

Transkriberad uppteckning

Zetlitz og beinrangele.

Ein gravar ved Brunkeberg kyrkje var so ille steld med eit
beinrangel, som han kom nedpaa alt som tidast, naar han
skulde kaste upp ei ny greft, og det var kje raad aa faa det
utor vegen.
Presten Zetlitz var i Kvitseid daa og fekk au høyre snakke
um detta beinrangele. So bad 'n gravaren vilde bodsende honom
det fysste han skulde kaste upp ei ny greft.
Gravaren lova detta. So ei stund etter skulde det upp ei
ny greft, og Zetlitz vart bodsend og stod jamsides gravaren.
Han kom snart nedpaa beinrangele att. Daa sa Zetlitz honom
til aa leggje det uppaa gravbakken. Gravaren gjorde so, og
presten stod lengi og bisna paa det. So bad 'n gravaren vilde
reise det upp innmed kyrkjeveggen. Han so gjorde, og Zetlitz
sjav gjekk inn i kyrkja; der var 'n umlag ein time. Daa han
kom utatt tok 'n beinrangele og la det ned paa bakken. So
tok 'n spaden av gravaren og hoggi til yvi halskvirvilen, so
hausen vart skild ifraa kroppen.
"Hot fe gjore du detta daa?" spurde gravaren.
"Jou," sa Zetlitz, "detta hev vore ein mordar som hev døytt
og ikkje sanna eller sona. Men no skal han ikkje koma i
vegen for deg meir."
Etter den tid var beinrangele burte.

Socken Seljord
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR
MIMER //